|
Skrevet av Sven Martin Helgeland
|
|
lørdag 17. oktober 2009 04:45 |
I natt har eg vært med June på JOTI. Det er "Jamboree On The Internet". JOTA står då for "Jamboree On The Air", og er det eg husker frå "gamle" dager. June holdt ut til rundt 5:30 ein gong, då gjekk hu og la seg. Det var ein del andre og som gjekk og la seg då. Men elles er det ein del som har "gått rundt". Eg kjenner sjølv at det skal bli godt å koma heim og sova/slappa av litt. For eg har ikkje fått sove noko i natt. Har fått kvilt litt, så er ikkje heilt ødelagt... Har hatt med meg fotoapparatet, og har fått dokumentert ein del fine sove stillinger. Og elles kva som har skjedd i løpet av natta. Skal bli litt morro å koma heim å sjå om det har blitt noko av bildene. Måtte ta nokre med høg iso for å sleppa å bruke blitz, slik at eg ikkje ødela for dei som sov/prøvde å sove. |
|
|
Skrevet av Sven Martin Helgeland
|
|
lørdag 10. oktober 2009 09:47 |
|
I går kom Aleksander, June, Tinka og eg heim frå Finnøy. Me har vært med Jonatan og Alf Sigurd på haustferie. Det starta bra på tirsdagen med skikkelig ver, regn og vind i store mengder. Me hadde først ein tur inn til Oltedalsvatnet kor me overnatta i combicamp, eit slags telt på hjul. På vei inn dit fant me ut at me burde ha ein pressening utanfor slik at me slapp å vera inne i combicampen heile tida. Så me kjøpte ein presenning og tau. Me fant ein fin plass og satte opp compicampen og pressening. Etterpå laga me til bål, for me skulle jo grille pølser, og det var enklare sagt enn gjort. Avispapiret som me hadde me blei blaut før me fekk lagt det på bålet, og me sleit litt med å få fyr på papiret. Etter ei stund fekk me nå liv i bålet, og det brant til langt på natt. Pga at det regna så mykje der bålet var tok me glør frå bålet under presenningen og grilla på det. Ungane storkoste seg. Morgonen etter pakka med ned i mellom regnbyene, og reiste til Finnøy. På vei inn til Finnøy traff me akkurat ikkje 12 ferja, og neste gjekk klokka 14, så me tok ein liten rundtur på Rennesøy. Handla inn litt middag og slikt som me skulle ha i hytta. På Finnøy fortsette veret slik det hadde vært, og me var for det meste inne. Her spelte me kort og kosa oss. Ungane var og ute ein tur og prøvde walkietalkiane som Alf Sigurd hadde tatt med seg, det var skikkelig stas. På fredagen, i går, reiste me heim til Sola kor me laga heimelaga pizza til konene våre som kom litt seinare på ettermiddagen. |
|
Sist oppdatert lørdag 10. oktober 2009 10:05 |
|
Skrevet av Sven Martin Helgeland
|
|
mandag 29. juni 2009 18:58 |
|
På sundag gjorde me stas på mor. Søskna mine og meg med familiar hadde invitert mor sine søsken, tanter, onkler og venner. Dette hadde me klart å holdt skjult for mor. Hu forstod jo at noko var på gang, men ikkje at det skulle bli 41 stk i huset totalt. Me hadde bestilt inn smørbrød og laga kaker. Og det var meir enn nok av alt. På søndagen så sendte me mor og Mariann ut på ein gå tur. Far hadde sagt at han skulle ordne mat og diverse. Og Arnfrid skulle dekke på, og då hadde far sagt til mot at hu måtte gå ut slik at Arnfrid fekk jobbe i fred. Dette var historien mor fekk. Det som virkelig skjedde var at søskna samlast, laga til langbord og fekk gjestene inn i huset. Biler og slikt hadde me gjemt ved barnehagen, som er nedenfor slik at mor ikkje såg at det var kome mykje bil. Så når mor og Mariann kom inn frå turen så åpna med stove døra og sang for henne. Og resten av kvelden kosa me oss i lag. |
|
|
Skrevet av Sven Martin Helgeland
|
|
søndag 16. august 2009 18:08 |
|
Nå har eg hatt tre veker med ferie totalt, var to veker på jobb etter dei to første vekene. Me har vært heime heile ferien, men har fått gjort litt rundt om i og utenfor huset. Oppe i loftstova har me fått innreda med sovesofa, hyller og skuffer. Det blei og ein stor ryddejobb med å få kasta og sortert alle leker og elles ting som låg og slang utover golvet. Ungane har og fått litt meir skap- og hylleplass, det lille som før stod i loftstova blei brukt på romma deira. Utenfor huset er det luka vekk ein del ugras i gårdsrommet, og me har fått gjort ein del med armering og forskaling på muren mot naboen. Det skal bli herlig når denne er klar, og all forskaling osv kjøres bort. Då først får me sjå kor mykje meir hageareal me får. Elles så har eg fått installert Windows 7 på min PC, og driver og kikker på det. Det meste må jo testes.... Har og forsøkt å få til XBMC på MediaCenteret, men ser ikkje ut som XBMC var så glad i intel skjermkortet i PC-en. Så her må eg bruke litt meir tid for å få det til. Har fått det til å virke via VGA utgangen, men vil jo helst ha det til å virke på HDMI porten. |
|
Skrevet av Sven Martin Helgeland
|
|
søndag 03. mai 2009 14:05 |
|
I påsken reiste me Østover igjen. Denne gongen var det for å hente Lady. Me overnatta hos Ronny og Catharina, her fekk June og eg oppdatert mobilane våre. June var heilt i hundre etterpå, hennes mobil hadde nemlig alt på rosa etterpå. |
|
Sist oppdatert søndag 03. mai 2009 14:16 |
|
Les mer …
|
|
|
|
|
|
|
Side 1 av 7 |