Dekkskifte + vask innvendig og utvendig av bilane PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Sven Martin Helgeland   
tirsdag 17. april 2007 00:00
Då har eg fått skifta dekk på begge bilane. Det viste seg å vera ein større jobb enn forventa.
På Lagunaen hadde skruene festa seg så godt av krysset mitt knakk etter 2 dekk. Fant ut at kryss frå Biltema er litt for mjuke. Så fekk låna eit skikkelig kryss og då var det bare å bruke muskler. :) Når så alle dekk var bytta på Lagunaen, vaska og støvsugde ungane bilen innvendig, mens eg vaska den utvendig.
Når eg så skulle kjøre bilen opp til garasjen så sa det dunk dunk. Det som då skjedde var at lodda som satt på felgane blei dratt av pga liten avstand mellom felgen og bremsene. Så då var det bare å skru av dekka og sette på vinterdekka. Fekk avbalansert dekka på nytt, og satte dei på igjen.
Sist oppdatert lørdag 13. desember 2008 13:57
Les mer …
 
Påskeferien er over... PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Sven Martin Helgeland   
tirsdag 10. april 2007 00:00
Ja då var påskeferien over, og kvardagen kommer tilbake. Me har vært på Bryne i påsken. Nå når huset begynner å ta form så måtte me jo utnytte påsken slik at me fekk sett det. Vibeke var igjen på Skedsmokorset fram til torsdagen slik at hu fekk jobba i fred med hovedoppgåva si. Me andre kjørte bortover på sundagen før påske i kjempefint ver.

Heimturen var ikkje fullt så fin som bortturen. Det var kome snø over natta, og mykje folk var ute og kjørte på sommerdekk. Så her var det bare å kjøre forsiktig. Det gjekk greit å kjøre, og etter ein god stopp hos Øyvind og Mariann kom me heim i 11-12 tida om kvelden.

I dag har eg hatt min første dag på jobb i Scribona, her skal eg vera med på å klargjera PC-ar og andre ting før det sendes ut til sluttkunden. Så får me sjå koss det går etterkvart. Smile
Sist oppdatert søndag 10. mai 2009 07:59
 
Endelig fått meg ein blog PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Sven Martin Helgeland   
lørdag 31. mars 2007 00:00
Ja, nå har eg endelig fått satt opp ein blog til meg. Har tenkt på det lenge, men det har liksom ikkje blitt noko av. Har og skrevet sidene mine på nytt frå bunnen av. Eg har tatt i bruk litt PHP og Javascript, må jo prøve å lære meg litt nye ting og.
Så nå er ikkje sidene laga i FrontPage lengre.Smile Og det merkes at sidene nå er kjappare. Litt flikking vil det jo alltid bli, men slik er det bare.
Sist oppdatert lørdag 13. desember 2008 13:59
 
Siste arbeidsdag hos Din Datapartner PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Sven Martin Helgeland   
lørdag 31. mars 2007 00:00
Hadde siste arbeidsdag hos Din Datapartner på fredag, har nå hatt vikariat der gjennom Temp-Team frå 11. Januar i år. Det har vore kjekt å koma seg ut igjen. Tilbake til det å fikse opp i problemer ute hos kundene, og ny installasjoner.
Sist oppdatert lørdag 13. desember 2008 13:58
Les mer …
 
« StartForrige1234567NesteSiste »

Side 7 av 7