Server opprydding og overgang til NOD32 PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Sven Martin Helgeland   
mandag 06. april 2009 17:01

Nå har eg endelig fått gått over serverne og fått luka bort ein del småfeil og anna rask. Så nå er det ikkje så mange feilmeldinger i eventlogen lengre. Wink

Far hadde og diskproblemer på sin server, så eg har hatt den heime hos meg ca ei veke. Det som var problemet var at serveren hengde seg kvar natt. Skjermen frøys, og disklyset stod konstant, så me antok at det var diskproblemer. Bytta disker i denne og satte 3 stk 320 GB disker i software raid. Den ser nå ut til å virke fint. Satte den tilbake til Bryne på fredag, og den har ennå ikkje hengt seg. Tongue out 

Har hatt litt problemer med ytelsen på min stasjonære PC heime, og fant til slutt ut at det var Norman som skapte problemene. Eg kjører Vista Ultimate 64bit på denne, og det ser det ikkje ut til at Norman var veldig glad i. Så nå har eg kjøpt inn NOD32 lisenser for far sine penger Laughing. Han ville holde ungane med lisenser på antivirus, så det blei ein del lisenser. Eg må sei at det eg har sett av NOD32 så langt heime ser veldig bra ut. Me bruker det på jobb, og der er dei veldig godt fornøgde med det, så det var årsaken til at det blei NOD32.

 
Windows 2003 til windows 2008 oppgradering PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Sven Martin Helgeland   
lørdag 17. januar 2009 08:49
Ja, nå når serveren er kraftig nok, så kunne eg ikkje venta lengre. Eg hadde ein Windows 2003 server 32bit som kjørte Exchange, og utfordringen blei sjølvsagt å få dette over på windows 2008 64bit med Exchange 2007. Dette kunne ikkje oppgraderes direkte, så eg satte først opp ein windows 2008 server 64bit. Denne meldte eg inn i domenet, og klargjorde domenet for å installere exchange 2007 på denne som ein sekundær exchange server. Etter at dette var gjort flytta eg alle mailbokser og roller over til den nye. Så var det bare å avinstallere Exchange 2003 på Windows 2003 serveren. Dette fordi Exchange 2003 ikkje kjører på windows 2008 server. Gjorde så nødvendige sjekker og oppdateringer på windows 2003 serveren for å kunnne kjøre oppgradering til windows 2008 server 32bit. Måtte her bruke 32bit pga at det ikkje går å oppgradere frå 32bit til 64bit, dvs eg fant iallfall ikkje ut korleis. Men oppgraderingen gjekk fint, og eg har nå ein Windows 2008 server 32bit som domenekontroller, og ein windows 2008 server 64bit som exchange server. Litt smårusk gjenstår sjølvsagt, men det kommer etterkvart.
Sist oppdatert lørdag 17. januar 2009 09:45
 
Omlegging på websida mi PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Sven Martin Helgeland   
lørdag 13. desember 2008 16:19
I dag har eg tatt ei større omlegging på websida mi. Har gått over til Joomla fordi eg har høyrt ein del bra om det. Så nå måtte eg bare prøve det. Og det eg har sett så langt virker lovande.
 
Ny hardware til serveren min PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Sven Martin Helgeland   
torsdag 08. januar 2009 19:15
Eg har nå bytta ut Dell serveren min med ein bygd server. Deler som blei brukt var blant anna eit 4U kabinett for 19" rack. I dette kabinettet får eg plass til 12 S-ATA disker i front. Og desse er hotswap, som gjer at det er mulig å bytte disker mens serveren er på. CPU en er ein Intel(R) Core(TM)2 Quad CPU Q6700 @ 2.66GHz. Av minne så er det 8 GB i nå, hovedkortet støtter 16, så må vell fylle i etter kvart Wink. På denne serveren er det installert Windows 2008 Standard 64 bit med Hyper-V. Hyper-V gjer at eg kan kjøre andre os virtuelt, og foreløpig så kjøres Ubuntu server og Windows 2003 server virtuelt. Ubuntu serveren kjørte før virtuelt i VMware på Dell serveren, og er konvertert til Hyper-V format. Windows 2003 server installasjonen er flytta frå Dell serveren og virtualisert. Dette var ein lærerik prosess. Litt av planen med å bytte ut Dell serveren var at eg nå har ein server som er kraftig nok til å teste andre OS, utan å måtte ha ekstra hardware for dette. Eg får nå muligheten til å lære meg forskjellige andre OS og versjoner, utan å måtte bruke egen hardware til dette.
 
Fiksing på bilen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Sven Martin Helgeland   
torsdag 06. november 2008 00:00
For ikkje så lenge sidan så merka eg at det ikkje var ryggelys på Lagunaen. Her måtte pærer eller sikringer byttes tenkte eg, men nei da... Pærer og sikringer var heilt i orden. Så etter å ha leita og målt litt rundt måtte eg ringe Øyvind (bror min som er bilmekaniker i Tønsberg) for å få litt tips. Han sa at eg burde sjekke ryggelysbryteren i girkassen. Hæ tenkte eg, girkasse høyrtest litt skummelt ut. Men den var ikkje så vanskelig å finne. Så då fekk eg lært noko nytt der og. I dag var eg å henta brytaren og skifta denne. Var bare å skru ut den gamle, og skru inn den nye utan at for mykje girolje kom ut. Bytta og diverse luftfilter og fylte på med kjøleveske med det same eg holdt på. Så nå er bilen klar for vinteren, og det er ikkje så mørkt å rygge lengre. Smile
Sist oppdatert lørdag 13. desember 2008 13:48
 
« StartForrige1234567NesteSiste »

Side 2 av 7