Ny hardware til serveren min PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Sven Martin Helgeland   
torsdag 08. januar 2009 19:15
Eg har nå bytta ut Dell serveren min med ein bygd server. Deler som blei brukt var blant anna eit 4U kabinett for 19" rack. I dette kabinettet får eg plass til 12 S-ATA disker i front. Og desse er hotswap, som gjer at det er mulig å bytte disker mens serveren er på. CPU en er ein Intel(R) Core(TM)2 Quad CPU Q6700 @ 2.66GHz. Av minne så er det 8 GB i nå, hovedkortet støtter 16, så må vell fylle i etter kvart Wink. På denne serveren er det installert Windows 2008 Standard 64 bit med Hyper-V. Hyper-V gjer at eg kan kjøre andre os virtuelt, og foreløpig så kjøres Ubuntu server og Windows 2003 server virtuelt. Ubuntu serveren kjørte før virtuelt i VMware på Dell serveren, og er konvertert til Hyper-V format. Windows 2003 server installasjonen er flytta frå Dell serveren og virtualisert. Dette var ein lærerik prosess. Litt av planen med å bytte ut Dell serveren var at eg nå har ein server som er kraftig nok til å teste andre OS, utan å måtte ha ekstra hardware for dette. Eg får nå muligheten til å lære meg forskjellige andre OS og versjoner, utan å måtte bruke egen hardware til dette.